STK har fått ny leiar!

Professor Helene Aarseth har overtatt roret som senterleiar ved Senter for tverrfaglig kjønnsforskning.

Bilde av Helene Aarseth

Jamfør vedtak i universitetsstyret 23.10.18 endrar STK leiingsform.

Helene Aarseth overtar som valt senterleiar frå 01.01.19, i første omgang for ein periode på eit år. Aarseth har vore tilsett ved STK sidan 2016, og fekk opprykk til professor i 2017. Frå tidlegare har ho blant anna erfaring som forskar og prosjektkoordinator ved STK, Postdoktor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi og forskingsleiar ved NOVA.

Åremålstilsettinga til senterleiar Anne-Jorunn Berg gjekk ut 31.12.18.

STK ynskjer Helene Aarseth velkommen som ny leiar, og takkar samstundes Anne-Jorunn Berg for innsatsen!

Publisert 2. jan. 2019 13:25 - Sist endret 3. jan. 2019 09:33