Nominasjonsprosess og vurdering

Nominasjon

Rettleiarar og sensorar ved UiO vert oppmoda til å nominere masteroppgåver/profesjonsstudier som dei meinar er av framifrå kvalitet.

Kriterier for nominasjon:

  • Masteroppgåve/profesjonsstudie må vere levert ved ein av UiO sine grunneiningar, og ha eit klårt kjønnsperspektiv.
  • Masteroppgåve/profesjonsstudie skal vere basert på studentens sjølvstendige forskingsbidrag og vise originalitet.
  • Kandidat kan berre vere nominert ein gong.
  • Kandidat må ha fått karakter A eller B på sin masteroppgåve/profesjonsstudie.
  • Prisen gjeld masteroppgåve som er sluttført, og vurdert, i perioden frå 1. januar til 31. desember.

Nominasjon skal inneholde:

  • Personlege opplysingar (nettskjema)
  • Kandidaten sitt eige samandrag av oppgåva
  • Rettleiar/sensor si grunngjeving for nominasjon

Vurdering

Vurdering vert gjort av ein jury på grunnlag av samandrag av oppgåve og grunngjeving for nominasjon skrive av den/dei som har nominert kandidaten. Juryen les altså ikkje sjølve masteroppgåva. Det er difor naudsynt at grunngjevinga er utførleg og god.

Kriterier for juryen sitt arbeid:

  • Karakter
  • Kvalitet
  • Relevans
    Publisert 7. juni 2018 16:00 - Sist endret 3. jan. 2023 10:02