Skeiv historie på norsk

Vår tids oppfatning av homofili, som ei medfødd seksuell legning, har sitt opphav på slutten av 1800-talet, og skeiv historie er historia om korleis kategoriar som sodomi, homoseksualitet, tvetulling, transperson og skeiv har blitt til og endra meining over tid. Skeivt arkiv dokumenterer og formidlar denne historia i Noreg, men førebels er det gjort påfallande lite forsking på feltet.

Bildet kan inneholde: dagtid, bygning, vindu, menneskelig, publikum.

HBB Homofil Bevegelse i Bergen, Demonstrasjon, 1. mai 1980. Fotograf ukjent. SKA/A-0009 LLH Bergen og Hordaland, Skeivt arkiv.

Om teksten

Av Runar Jordåen, historikar, Skeivt arkiv, Universitetsbiblioteket i Bergen.

Teksten blei fyrst publisert i 2019.

Jeg tør naturligvis forudsætte, at dette, ligesom mine øvrige breve brændes efter nogen tids forløb! (Brevs. 222a: Hertzberg til Andræ 29.12.1900)

Dette skreiv den norske rettshistorikaren Ebbe Hertzberg (1847-1912) i eit brev til sin danske ven, juristen Poul Andræ (1843-1928) i 1900. Dei to hadde brevveksla i alle fall sidan 1892, og eit heilt sentralt tema i korrespondansen var deira eigne seksualliv. I breva skildra dei den erotiske tiltrekkinga til personar av same kjønn ved hjelp av nye omgrep som «kontrærseksuell» og «homoseksuell». Dei hadde begge to sett seg grundig inn i den samtidige medisinske litteraturen om desse fenomena. Blant førebileta finn me psykiateren og sexologen Richard von Krafft-Ebing, som med boka Psychopathia sexualis (1886) definerte dei seksuelle avvika eller «perversjonane» som eit felt for psykiatrien. Den fremste av desse perversjonane var homoseksualiteten.

«Fordi naturen har skapt oss slik»

Bildet kan inneholde: Linje, Parallell, Font.

På skeivtarkiv.no finn du mykje meir materiale og informasjon om skeiv historie. Her er det mykje forskingsmateriale å ta tak i for studentar og forskarar!

Då det på midten av 1880-talet hadde byrja å gå rykte i den norske hovudstaden om at Ebbe Hertzberg, som då var professor, hadde hatt seksuelle forhold til unge menn frå arbeidarklassa, forsøkte han å bruka den psykiatriske kunnskapen til sin fordel. I 1886 oppsøkte han den som først hadde beskrive den likekjønna seksualiteten som ein medfødd (medisinsk) tilstand og gitt den eit namn («kontrær seksualkjensle»), Carl Westphal i Berlin. Den tyske psykiateren konkluderte med at Hertzberg var medfødd kontrærseksuell og at tiltrekking til personar av same kjønn dermed ikkje var nokon moralsk defekt han kunne lastast for.

Tilbake i Noreg leverte Hertzberg erklæringa til universitetsleiinga. Deira respons var at det var desto større grunn til å halda han borte frå undervisninga av unge menn, og han mista stillinga si som professor. Det vesentlege poenget er likevel ikkje at Hertzberg sin strategi mislukkast, men at han med dette presenterte fødd sånn-argumentet i Noreg, som den første. Breva frå Hertzberg til Andræ, som for nokre år sidan kom til rette ved Nasjonalbiblioteket i Oslo, og altså ikkje blei brende, viser at Hertzberg også heldt seg godt oppdatert på den vidare utviklinga innan samtidas psykiatriske og seksualpolitiske diskurs.

Mellom medisin og sjølvforståing

Det me i dag kan kalla «skeiv historie» var eit barn av den nye homorørsla frå 1970-talet, men også av 1970-talets aktivistiske samfunnsfaglege forsking, ny sosial- og kulturhistorie, rolleteori og poststrukturalisme. Mens homorørsla, på same vis som Andræ og Hertzberg, lenge heldt fast på ei essensialistisk forståing av seksualitet, blei dette utfordra av skeiv historie og skeiv teori – det blei vist til at «den homoseksuelle» som ein eigen type menneske, forklart biologisk, var ein konstruksjon frå 1800-talet – han oppsto så og seia idet Carl Westphal publiserte sin første artikkel om fenomenet i 1869 (Foucault 1995, 53-54).

Tidlegare hadde likekjønna seksualitet vore omfatta av omgrep som «sodomi» og «omgjengelse mot naturen» og forstått som grove syndige og kriminelle handlingar som i prinsippet kven som helst kunne henfalla til.

Homoseksualitet som historisk konstruksjon

Den historiske konstruksjonen av «homoseksualitet» blei innan skeiv historie først oppfatta som eit uttrykk for ei ny form for disiplinerande makt over individa: det var frå slutten av 1800-talet ikkje lenger først og fremst om å gjera og straffa og fordømma moralsk, men om å behandla og verna samfunnet.

Sjølv om dette fangar opp noko vesentleg ved ein ny måte å forhalda seg til seksuelle «avvik» på, har synet på psykiatrien og underdisiplinen seksualpatologi, representert ved Krafft-Ebing, Westphal og andre, blitt nyansert. Særleg forskinga til den nederlandske historikaren Harry Oosterhuis har vist at «den homoseksuelle» var eit produkt ikkje berre av den psykiatriske profesjonen, men oppsto i samspel mellom legane og deira «pasientar» (Oosterhuis 2000). Oosterhuis har vist at Krafft-Ebing sine teoriar blei utforma i dialog med homoseksuelle menn som brevveksla med han og oppsøkte han. Fleire av desse bidrog også sjølv til teoriutforminga.

Andræ og Hertzberg er gode døme på dette, og brevvekslinga gir oss eit i skandinavisk samanheng unikt innblikk i denne dynamikken. Hertzberg oppsøkte jo Westphal nettopp fordi han meinte den biologiske forståinga av homoseksualitet kunne vera tenleg for saka hans.  Andræs interesse for den sexologiske tilnærminga førte han til Wien for å bli observert av Krafft-Ebing i 1892. I tillegg skreiv han i det leiande danske legetidsskriftet ein artikkel om homoseksualitet som utan tvil også har påverka den danske psykiatriske diskursen om fenomenet. Hertzberg sysla på si side ei tid med planar om å omsetja Krafft-Ebing frå tysk til dansk.

Kvifor biologiske forklaringsmodelar?

Det som gjorde den nye sexologiske kunnskapen så attraktiv for folk som Andræ og Hertzberg var utan tvil samansett. Dei må ha følt at den biologiske forklaringa passa godt på deira eigne erfaringar i tillegg til at ho i eit fiendtleg samfunnsklima tilbaud eit høveleg forsvar iført ein vitskapleg språkdrakt som burde stå høgt i kurs i denne «biologiens tid» (Kjeldstadli 1999).

Det betyr ikkje at dei overtok Krafft-Ebings teori utan motførestellingar eller justeringar – i eit av breva til Andræ omfamna Hertzberg den biologiske forklaringa, men tok vekk det patologiske forteiknet: homoseksualiteten var ikkje ein sjukdom – tvert om den homoseksuelle blei sjuk og fekk dårlege nerver fordi samfunnets fordømming skapte ein situasjon som var «i særlig grad nervesvækkende» (Brevs. 222a: Hertzberg til Andræ 15. mai 1892).

«Så lenge vi ikke … direkte skader andre»

Andræ og Hertzberg hadde også kontaktar på kontinentet og var medaktørar i det som på slutten av 1890-talet blei ei organisert rørsle i Tyskland. Leiaren for denne var legen Magnus Hirschfeld, som sjølv definerte seg som homoseksuell og som opererte med omgrep som «seksuelle mellomtypar» og «det tredje kjønn» om menneske som var biologiske – medfødde -  mellomvariantar mellom kjønna – blant desse var både homoseksuelle og det han kalla «transvestittar». Den essensialistiske forståinga av homoseksualiteten og kjønnsvariasjon var her utgangspunktet for ei kampanje for større samfunnsmessig aksept og avkriminalisering. Hirschfelds naturvitskapleg baserte aktivisme hadde ein viss suksess, han blei ein (kontroversiell) autoritet på temaet, og synet hans fekk eit visst samfunnsmessig gjennomslag i Tyskland før livsprosjektet hans endeleg blei øydelagt ved nazistane si maktovertaking i 1933 (Beachy 2014).

Den medisinske diskursen om homoseksualitet var tviegga: han kunne brukast til å argumentera mot straff for sex mellom personar av same kjønn, samtidig som han førde til forsøk på å helbreda og behandla. Dessutan var det langt frå konsensus om årsaker: der Krafft-Ebing og Hirschfeld favoriserte ei biologisk forklaring var dei fleste psykiatrane på byrjinga av 1900-talet samde om at det og fanst ei stor gruppe som hadde ein i utgangspunktet ubestemt seksualitet.

Denne kunne la seg påverka av ytre stimuli, og særleg var ein uroa for at ungdom i puberteten og opp til 20-årsalderen kunne «forførast» i feil retning: Tidlege erotiske kontaktar med same kjønn kunne føra til ei permanent homoseksuell orientering – eit argument for å oppretthalda kriminaliseringa i alle fall av sex med personar under 21 år.

Stridens eple

Dette kom til å bli stridens eple, også i norsk samanheng, heilt fram til avkriminaliseringa av sex mellom menn i 1972. For den tidlege norske homorørsla blei det då maktpåliggande å argumentera for ei strengt essensialistisk årsakforklaring: homoseksuelle var fødd sånn eller blitt sånn gjennom tidlege impulsar i barndommen, ein kunne ikkje bli ”forført” til ei homofil legning gjennom opplevingar og impulsar i ungdomstida.

Denne måten å argumentera på finn me til dømes i den første brosjyren utgitt av Det norske forbundet av 1948 i 1951:

«Fordi naturen har skapt oss slik at vi definitivt utgjør et tredje menneskekjønn (”det tredje kjønn”), må vi forlange å få leve vårt liv slik det er naturlig for oss, så lenge vi ikke dermed direkte skader andre» (Forbundet av 1948,1-2).

Her plasserer den tidlege norske homorørsla seg i tradisjonen frå slutten av 1800-talet, frå det sexologiske tankegodset Andræ og Hertzberg hadde reflektert over i brevvekslinga si allereie på 1890-talet. I 1951 var denne essensialistiske forståinga framleis kontroversiell, men ho blei i det minste delt av ein del sentrale samfunnsaktørar (i Noreg gjaldt det til dømes helsedirektør Karl Evang) og mange i gruppa det gjaldt. Eit viktig grunnlag for den skandinaviske homo-organiseringa kan dermed seiast å ligga i perioden i det vel halve hundreåret fram til 1950.

Skeiv historieskriving på norsk

Skeiv historie har vore eit lite utforska emne i norsk samanheng og det er eit stort potensial for nye forskingsprosjekt både når det gjeld den perioden eg har konsentrert meg om og i tida frå 1950 og framover.

Potensielle forskingsprosjekt kan vera forføringsteoriens historie, politiets kontroll av skeive, homoseksualitet i samfunnsdebatten på 1930-talet, bruken og betydninga av det tradisjonelle omgrepet ”tvitulling”, ulike strategiar og posisjonar i homo- og transrørsla osv. Forslag til potensielle master- eller forskingsprosjekt ligg på Skeivt arkiv sine nettsider.

Skeivt arkiv

Arbeidet med Skeivt arkiv byrja på Universitetsbiblioteket i Bergen i 2012. Tre år seinare hadde arkivet si offisielle opning, og frå og med 2016 har det hatt ei eiga løyving på statsbudsjettet for å dokumentera og formidla denne historia. Hovudtyngda av materialet i arkivet, som no er på om lag 300 hyllemeter, gjeld perioden frå etter 1950. Arkivet har også reist rundt i landet og intervjua tidsvitne – noko som har resultert i om lag 170 livsminneintervju (på video) som er tilgjengeleg på lesesalen i Bergen.

Skeivt arkiv dokumenterer og formidlar norsk skeiv historie frå mellomalderen til i dag, og lyser årleg ut eit masterstipend for studentar innan ulike fag som ønskjer å belysa denne historia. Studentar og forskarar som ønskjer å gjera noko på dette må gjerne ta kontakt med Skeivt arkiv for å få tips og drøfta eventuelle tema.

Feiring utan forsking?

Sommaren 1969 raida politiet baren Stonewall Inn i New York. Dette var i seg sjølv ikkje noko uvanleg – det var noko klientane på homobarar i heile USA hadde måtte leva med. Men denne gongen fann dei seg ikkje i det og kjempa mot. I bakgrunnen låg ei om lag 20 år gammal organisert rørsle som gradvis hadde blitt sterkare og meir sjølvmedviten.

Stonewallopprøret førde til ein eksplosjon og ei langt meir offensiv og normkritisk tilnærming tok form. Samtidig var det ting på gang i Noreg - i løpet av dei første åra av 1970-talet vaks det fram ein aktivisme som i langt større grad enn tidlegare var radikal og kritisk til tradisjonelle oppfatningar om kjønn og seksualitet. Frå ein sped start på starten av 1970-talet markerte homorørsla seg i aukande grad i det offentlege rom med aksjonar og demonstrasjonstog. Dette blei etterkvart til homodagar, skeive dagar og pride.. Homorørsla og ein parallell forsiktig organisering av transpersonar er opphavet til dagens breiare rørsle for kjønns- og seksualitetsmangfald.

Berre i løpet av dei siste få åra har pride vakse frå ein subkulturell markering til å bli ein slags folkefest for mangfaldet. Snart har ei kvar bygd med respekt for seg sjølv si eiga pridemarkering. Denne breie omfamninga av det som berre for nokre få tiår sidan blei sett på som normbrot ein berre med atterhald kunne tåla eksisterte, fortel utan tvil noko om eit samfunn i grunnleggande endring.

Mangel på kunnskap

Men det er eit påfallande sprik mellom denne nyvunne feiringa og ei mangelen på kunnskap om vegen hit. Korleis har samekjønnselskarar levd rundt omkring på bygd og i by bakover i tid? Korleis har samfunnet handtert kjønnslege og seksuelle avvik opp gjennom historia? Kor djupt stikk aksepten? Når kom dei grunnleggande vendepunkta? Me veit rett og slett lite om korleis samfunnet har sett på dei som har brote med forventingane for kjønn og seksualitet i fortida. Framleis er situasjonen den at doktoravhandlingar som har omhandla tematikken her i landet kan teljast på ei hand. Nokre fleire masteroppgåver har kome innan fag som historie og kulturvitskap dei siste åra: Universitetet i Bergen har blant anna aktivt rekruttert studentar innan skeiv historie.

Men dei store forskingsprosjekta lar venta på seg. Når 50-årsjubileet for avkriminaliseringa no nærmar seg, er det på høg tid at denne historia blir utforska skikkeleg, slik at samfunnet i tillegg til å feira, blir gjort i stand til å kritisk reflektera over si eiga historie.

Litteratur og kjelder

Beachy, Robert. 2014. Gay Berlin. Birthplace of a Modern Identity. New York: Knopf.

Forbundet av 1948, Den norske seksjon. Hva vil vil. [Oslo]: Forbundet.

Foucault, Michel. 1995. Seksualitetens historie 1. Viljen til viten. Halden: Exil. 

Kjeldstadli, Knut. 1999. «Biologiens tid. Randbemerkninger om viten og venstrestat» (s. 145-151), i Kunnskapsregimer. Debatten om De nasjonale strateger, redigert av Erik Rudeng. Oslo: Pax.

Nasjonalbiblioteket, Brevsamling 222a: Brev frå Ebbe Hertzberg til Poul Andræ.

Oosterhuis, Harry. 2000. Stepchildren of nature: Krafft-Ebing, psychiatry, and the making of sexual identity. Chicago: University of Chicago Press.

Les meir

Jordåen, Runar. «Fødd sånn eller blitt sånn?», i Prosa 21.5 (2015): 37–49.

Hellesund, Tone. 2001. Den norske peppermø. Om kulturell konstituering av kjønn og organisering av enslighet. Doktoravhandling. Universitetet i Bergen.

Kristiansen, Hans W. 2004. Kjærlighetskarusellen. Eldre homoseksuelle menns livsfortellinger og livsløp i Norge.  Doktoravhandling. Universitetet i Oslo.

Jordåen, Runar. 2010. Inversjon og perversjon. Homoseksualitet i norsk psykiatri og psykologi frå slutten av 1800-talet til 1960. Doktoravhandling. Universitetet i Bergen.

Johansen, Hanne M. 2019. Skeive linjer i norsk historie – frå norrøn tid til i dag. Oslo: Samlaget

Publisert 11. juni 2019 15:13 - Sist endret 13. juni 2024 14:04