Augeblikket «Kristoffer» (24) skjønte at han ikkje var som «alle» andre

Kristoffer kan bli stormande forelska, men har ikkje lyst til å ligga med dei han liker. Korleis er det å vera mann og aseksuell?

– Sjølv om eg hadde vore romantisk interessert fleire gonger, hadde eg eigentleg ikkje vore seksuelt interessert i nokon. Eg blir ikkje kåt eller opphissa sånn reint praktisk. 

Nokre dagar etter googlar Kristoffer det han føler på, og finn ut at han er aseksuell.

– Eg hugsar at eg sette på veldig høg musikk i stova og dansa aleine! Det var ein bra følelse, seier han og ler litt.

Sunniva Árja Tobiasen er ei av få som har forska på aseksualitet her til lands. Hen fortel at det er ekstra fint for folk å finna eit ord som beskriv seg sjølv når ein føler at ein ikkje er som «alle» andre.

– For dei er ord veldig viktig, fordi det skapar ein følelse av tilhøyr og normalitet. Om du har eit ord for det, så finst du, forklarar Tobiasen.

Aseksualitet er eit spekter. Det betyr at det er store forskjellar frå person til person om ein aldri kjenner på lyst, eller om ein har lyst på sex ein gong innimellom. Nokon aseksuelle treng ein sterk emosjonell kontakt for å ha sex, mens andre kanskje har sex for partnaren si skuld.

Tobiasen meiner det er viktig at me ikkje tar frå aseksuelle at dei har ein seksualitet, blant anna fordi at alle har ei seksuell helse. Hen drar også fram at seksualitet kan endra seg gjennom livet.

– Det er ikkje slik at ein aseksuell person som ikkje har sex, ikkje har ein seksualitet, og at dersom dei ein dag ønsker å ha sex med nokon så har dei «fått» ein seksualitet. Aseksualitet er heilt enkelt eitt av fleire ord me brukar for å beskriva ein person sin seksualitet, forklarar hen.

Les hele saken på NRK.no

Emneord: Aseksualitet
Publisert 21. mars 2023 16:28 - Sist endret 1. aug. 2023 11:23